laurdag 5. januar 2008

Laurdag

Det var laurdagskveld, og eg skulle nett til å unne meg sjokoladehjartet eg hadde fått av mor mi til jol med påskrifta "Glad i deg", då det knakka på døra. Eg opna, og der sto svensken. Står du der og frys flettene av deg, ditt gamle troll, sa eg og inviterte han inn. Det blei ein triveleg kveld på mange slags vis, stikkord er pappvin og ein innovativ film om frivillig pedofili. Til slutt tok eg mot til meg og spurte om han hadde lyst til å sove over, men då var det som om begeret flaut over for svensken, og han skulda meg i harde ordelag om å bare "skoja" med han og ikkje respektere statusen hans som uteliggjar.

6 Kommentarer:

Anonymous Anonym sa ...

Jeg synes det er veldig dumt at man kan kommentere på denne bloggen nå.

9. januar 2008 kl. 12:39  
Anonymous Anonym sa ...

så lenge klarte de å holde seg:)

9. januar 2008 kl. 16:57  
Anonymous Anonym sa ...

Og kor har eg liksom vore heile denne tida?

9. januar 2008 kl. 22:59  
Anonymous Anonym sa ...

Ja, med meg er det jo veldig greitt, eg har vore innlagd.

9. januar 2008 kl. 23:00  
Anonymous Anonym sa ...

vil berre sei at dette er ein fin blogg. og eg er kresen.

17. januar 2008 kl. 23:36  
Anonymous Anonym sa ...

Å nei, du, farr. Eg snakka med mor di i går, og ho sa med svært reine ord at du ikkje er kresen i det heile tatt. Ho sa meir om deg òg, men det kan vi jo la liggje no.

18. januar 2008 kl. 00:14  

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Heim