torsdag 13. desember 2007

Ein dag i mitt liv

Eg vakna med alle kleda på i eit framand rom. Eg var aleine i senga. Framfor vindauga hang det myggnetting, og i det fjerne kunne eg høyre det smertefulle hylet frå ein hyene. Å nei, tenkte eg, dette kan berre bety ein ting: kommunestyremøte.

måndag 10. desember 2007

Dagens uttrykk å kaste opp av

"Barns univers".

laurdag 8. desember 2007

Brannkurset

På brannkurset var det tjukt med damer som hadde i oppgåve å respondere på kurshaldarens dusinvise spørsmål av den typen som alle umiddelbart veit svaret på, og som gjer den som opnar munnen og svarar på det til ein idiot. I tillegg måtte desse damene le av den såkalla humoren til kurshaldaren, samt slenge ut lite gjennomtenkte forslag til korleis ein skal sløkke ein ulmebrann. Damene hadde alle på seg tova ullplagg, og då det var snakk om brann i smultgryter, var det mest naturleg for dei å spørje om det var mogleg å sløkke slike brannar med ullpledd.

tysdag 4. desember 2007

To skjorter

Nytt motetips (som me ikkje tilrår): to skjorter! Framståande personar som promoterer denne stilen er bassistar i Bergen, og Tore Skoglund. Ta på deg to skjorter i dag og gå ut og gjer verda til di eiga! (men me tilrår det altså ikkje).

laurdag 1. desember 2007

Spennande portrett av ei gamal frue

"Det er inga skam å eldast! Det er noko av det flottaste eit menneske kan ta seg til." Dette var bestemor sin faste replikk til meg, mens ho peika på meg og kneip att det eine auget. Den andre faste replikken ho hadde på lager, som ho framsa mens ho gynga det trillrunde hovudet sitt frå side til side, var denne: "Ingenting er verdt nokonting. Ingenting er verdt nokonting."

Laurdag er jentenes dag!

No skal jentene på kafé, og seinare blir det tapas.