fredag 30. november 2007

Illusjon

Her ein dag blei eg utsett for ein god, gammaldags illusjon. Eg innbilte meg i eit nanosekund at for mykje ironi kan føre til at ein blir til ein uttørka, oppsmuldra tistel.
Men det var altså berre ein illusjon, som sagt.

Medisin med det samma

Då eg var hos doktoren her om dagen av årsakar eg ikkje treng å spreie på internett, spurte han meg om kva for mat eg hadde fått i meg i det siste. Well, sa eg på ein slik måte som bare ei verdsvan kvinne på litt over dei førti kan seie det, det har gått i tapas, for å seie det slik.

torsdag 29. november 2007

3.

Den postmoderne tilstanden kjem til å forverre seg om berre få år.

onsdag 28. november 2007

2.

Folk med veldig langt hår er det all grunn å vere skeptiske til.

95 teser

1. Sjølv det kjekkaste selskap, med den aller beste stemning, kan øydeleggast av at nokon begynner å sitere Walter Benjamin.

måndag 26. november 2007

Dødsvariasjon

Eg las i avisa om eit menneske som døydde mens ho las i ei bok. Eg blei besatt og las så det freste; kva for ei bok var det?!? Men svaret var skuffande nok ikkje gjeve i artikkelen. Eg har i ettertid kome på ein god del bøker det kunne ha vore, utan å nærme meg sanninga noko meir av den grunn. Så derfor spør eg lesaren; kva for ei bok var det?!?

Siste nytt frå selskapslivet

1. Dersom du skal ta rohypnol, er det best å sniffe det,

og

2. dersom du er koneplagar og skal ta den skamslåtte kona di med på revy, er det best å berre kjøre mellomgolvet i vekene før framsyninga.

Godt nytt

Kva er den øvre aldersgrensa for å gå ut og drikke seg full på byen, utan å skjemme seg ut, for kvinner anno 2007? Før tenkte eg ofte at grensa låg på 30-33 år, til nauds 35, men no ser eg heilt annleis på det.

laurdag 24. november 2007

Menneskekunnskap

Sist eg var på Matterhorn, hadde dei sett opp ein del søppelspann der, eit prisverdig tiltak. Eg sette meg ned på bistroen for å setje til livs ein stor porsjon med kumler, og derifrå fekk eg eit greitt oversyn over søppelspanna. Det var sterkt overraskande kor mange av fjellturistane på veg opp mot toppen som tok ein kikk ned i søppelspanna. Kva ville dei finne der? Noko til å ta med seg til fjells?

Kniven på strupen

I dag hadde eg kniven på strupen, og tenkte å gjere ende på alt, men så kom eg på at det er jo så mykje å gle seg over her i verda!

Litt skummel utvikling

I yrkeslivet hender det frå tid til annan at eg må ha kontakt med lønnskontoret. Det kan dreie seg om spørsmål ang. skattekort, kanskje har ein bruk for eit telefonnummer, osb. Men i den siste tida har eg begynt å ringe sjefen for lønnskontoret på kvelds- og nattestid, gjerne etter ein tur på byen og tapas med jentene. Me held det på eit lett konverserande nivå, men med mykje undertekst, og no nemner han oftare og oftare, liksom tilfeldig, at han kunne tenke seg å få barn med meg.

Lause tankar om skinndød

Ryktene om at skinndød er ein føretrukken tilstand for mange, har eg store vanskar med å tru på. Er det noko eg vil unngå for einkvar pris, så er det å ein dag skulle ligge der skinndød til forlysting for familie og vener. Og om eg vaknar opp av den elendige tilstanden (som ein jo gjer dersom det er snakk om ekte skinndød), til dømes liggande i ei kiste som blir fira ned i tele, kjem eg til å tenke NEI NO!

Skremmande bra møte

Då eg var ute og tok pulsen på byen i går, var eg så heldig å møte ei husfluge av det gode gamle slaget. Konversasjonen mellom oss var like skarp som han var vittig, og eg innrømmer det fyrst som sist; eg blei sjarmert i senk. Folk rundt oss i lokalet virka fulle av misunning på den elegante konstellasjonen. Det må vere dette som kallast god kjemi, høyrde eg dei ropte i munnane på kvarandre. Men det gjekk som det brukar; intensiteten i møtet gjekk over i ein ubehageleg skakk maktfordeling mellom oss, og då han til slutt byrja å hinte frampå om giftarmål, jaga nervøsiteten meg på dør.

Den siste viking

Den siste viking har du kanskje høyrt om? Det var far min, det. Skjegget hans var femti meter langt, og førti meter breitt. Han var leiar for ei mellomstor bedrift, men no er han på attføring. Nok om det. Han røva i aust og i vest, og ikkje minst i Miklagard, der han gifta seg med ei persisk prinsesse. No bur dei i Hordaland, og begge har det bra.

fredag 23. november 2007

Den beste dagen i mitt liv

Det var ein mørk, regnfull haustkveld i San Francisco. Eg hadde gått rundt i dagesvis, utan mat og utan sko, på desperat jakt etter eit flyttebyrå. Brått drog ei hanskekledd hand meg inn i eit trongt smau. Eg blei stiv av skrekk. Men ei mild, og samtidig oppspilt stemme sa: - Gratulerer! Du har fått studieplass på Høgskulen i Agder! No skal du endeleg få studere media og kommunikasjon! Eg blei så glad at ein straum av tårer skylla nedover ansiktet mitt, og eg hugsar eg tenkte: denne dagen skal eg ikkje gløyme. Men så hamna eg på fylla, og enda opp på ein strippebar saman med to franske meisterkokkar, og snart var alt gløymt likevel.

Det er ...!

Det er tapas med jentene! Denne replikken kan ikkje bli sagt for ofte. Høyr kor bra det kling; det er tapas med jentene! Er det verkeleg tapas med jentene? Javisst er det tapas med jentene! Syng det ut, og sei det lågt. Det er den beste bodskapen på aldri så lenge.

Glovarm velkomst

Vil du at me skal presentere oss seier du? Ja, det skal bli, set deg godt til rette på den stygge stolen din og les! Me er to venninner i førtiårsalderen som gjerne tek seg eit glas sprit i måneskinnet. Me arbeider innanfor offentleg sektor, men dette kjem me ikkje til å komme særleg mykje inn på her. Elles kan me nemne at den eine av oss har rota med Arne Garborg på fylla, men det var på studietur i Sovjet.